Fakta
Stad: Førde
Prosjekttype: Kontor og kultur
Byggherre: Storehagen Eigedom AS
Totalentreprenør: Åsen & Øvrelid
Arkitekt: Norconsult
Areal: 5.600 kvadratmeter
Entreprisekostnad: 142 millioner kroner ekskl. mva.
Rådgivande ingeniørar: RIB, RIG: Sæle l RIBr, RIEn, RIBfy, SØK: Norconsult l RIA: Cowi l RIVA: VRT l RIV Rør: Vest-Consult Sunnfjord l RIV gassløkkingsanlegg: Nortronik l RIV Vent. og SD: GK l RIE: Sweco
Underentreprenørar og leverandørar: Grunnarbeid, betongarbeid, tømrararbeid, stålarbeid, flislegging: Åsen & Øvrelid l Sanitær, varme, slokkeanlegg: Vest Rørteknikk (VRT) l Elektro, lås og beslag: Bravida l Ventilasjon, SD: GK l Lyd, lys, scene, teknisk teikning: Lillehammer Tekniske Byrå l Holdekker: Contiga l Glas og aluminium: Holvik Glas l Måling, golvlegging: Arne Kalstad l Teateramfi stolar, teleskoptribune: Skeie Seating l Heis: Heisplan l Solskjerming: Vental l Taktekking: Skårhaug Taktekk l Kjøken: JKE l Storkjøkken til restaurant: Bergen Storkjøkkensenter l Vindauge: Norgesvinduet Bjørlo l Dører: Daloc l Glasdører og innvendige glasystemveggar: DEKO l Byggevarer: Byggmakker Bruland l Ferdigbetong, ferdigelement trappesjakter: Sunnfjord Betong l Systemhimling: Rockfon l Fasadeplater: Rockpanel
Her kan du se presentasjonen av prosjektet fra magasinet Byggeindustrien
Nynorskhuset ligg på den mest hektiske staden i Førde sentrum, bygd inn mellom kjøpesenteret Alti og rutebilstasjonen. Det heng fysisk saman med kjøpesenteret gjennom ei gangbru.
Byggherreselskapet Storehagen Eigedom AS er eigd med ein tredel kvar av ulike representantar for Alti kjøpesenter, Firda Billag og entreprenøren Åsen & Øvrelid.
Margunn Grytten Selvik er dagleg leiar i Nynorskhuset AS, ei samanslutning av leigetakarane i bygget. NRK Vestland, avisa Firda og Teater Vestland er leigetakarar. Femte etasje er ledig.
Grytten Selvik fortel at bygginga av Nynorskhuset kom i stand etter at dei tre nynorskbrukande leigetakarane vart samde om samlokalisering. Ho var sjølv med i styringsgruppa som jobba for realisering av bygget.
– Det var tre partar som gjekk ut med ein tilbodskonkurranse - NRK Vestland, Teater Vestland og Firda. Åsen & Øvrelid var einaste tilbydar. Første møtet mellom oss og totalentreprenøren var i september 2020. Då vart vi også presentert dei første teikningane, seier ho.
Fornying av sentrum
– Vi synes resultatet er blitt veldig bra. Dialogen med entreprenøren har vore god, noko som har gjort at vi har fått til gode løysingar. Vi trur det er viktig å samle miljøet, at det gjev nynorsken sterkare momentum. Vi såg det allereie i samband med opninga siste helga i september då vi hadde konsertar, teater og konferanse med nynorsk innhald.
Førde som by er i ferd med å gå gjennom eit hamskifte for tida, der bygg med moderne arkitektur og innhald erstattar funksjonalistiske industribygg frå 1960- og 70-talet. Det blir eit penare sentrum for kvart bygg som blir bygd eller renovert. Nynorskhuset føyer seg inn i rekka.
– I tillegg til at vi har fått eit kompakt og funksjonelt bygg er vi glad for at det er med og byggjer byen, seier Grytten Selvik.
Det er i praksis det vi kjenner som Sogn og Fjordane Teater og NRK Sogn og Fjordane som har flytta inn i Nynorskhuset. Etter kommune- og fylkesreforma 1. januar 2020 då Sogn og Fjordane og Hordaland vart slått saman til Vestland fylke, endra også dei to offentlig finansierte institusjonane namn. Margunn Grytten Selvik er også direktør for Teater Vestland. Ho fortel at fylket eig 80 prosent av teateret og at det difor skifta namn til Teater Vestland. Sjølv om dei har byrja spele teater enkelte stader i Hordaland, er det framleis Sogn og Fjordane som er kjerneområdet. Ho fortel at teateret har fått eit stort løft med flyttinga frå Førdehuset til Nynorskhuset.
Lydutfordring
Den nye teatersalen har 270 sitjeplassar i amfi. I tillegg er det ein mindre sal - såkalla «black box».
Ei utfordring med bygget har vore lyd, sidan eit til tider høglydt teater held til i same bygg som eit lydvart radio- og TV-studio.
– Det har vore ei utfordring å skape lydtette rom. Det er spesielt med to scener med kontorlandskap rundt og over. Spesielt teatersalen som er 12,5 meter høg er lydkrevjande. Vi har løyst det med påfôring, isolasjon og to lags gips, der ein av dei doble er tung gips. Det er to lag gips også i himling i den store salen, seier prosjektleiar Jan Madsen i Åsen & Øvrelid. Han fortel at dei har nytta Fermacell Fibergips frå produsenten Hunton til arbeidet med å hindre lyd i å trenge gjennom.
– I taket i «black box»-en er det tre lag gips, sidan studioet til NRK ligg rett over.
Madsen seier dei vurderte å kjøpe inn ein ferdig teatersal frå ekstern leverandør, men dei enda med å byggje han sjølv. Dei tok med seg erfaringar frå konferanse- og konsertsalen ved Sunnfjord Hotell som Madsen også var prosjektleiar for. Denne var omtalt i Byggeindustrien i fjor.
– Vi enda med å byggje sjølv for å unngå logistikkutfordringar og transport av «luft». Vi er nøgd med resultatet.
Stor betongjobb
Bærande konstruksjonar i bygget er stadstøypt med prefabrikkerte hóldekker som etasjeskiller. I teatersalen er det ein del stål. Trappeløpa er bygd med prefabrikkerte betongelement, medan dei to heissjaktene er støypt på staden. Taket er Lett-Tak.
– Det har vore ein stor betongjobb. Stadstøypt konstruksjon er ein måte vi ofte jobbar på. Vi byggjer oss suksessivt oppover. Når konstruksjonen var støypt i første etasje, flytta vi inn med tømrarar og ulike fag og følgde på opp over i etasjane, forklarer Madsen.
Bygget er konstruert med eit stort ope atrium i midten, med kontorlokale rundt. Takhøgda i atriet er om lag 20 meter.
En spesiell byggedetalj er den stadstøypte trappa oppover i atriet som heng i lufta, festa i stag til taket.
– Vi har hatt stillas ståande heile høgda i atriet i månadsvis medan vi har utført arbeidet. Det har vore eit komplekst bygg også på den måten. I tillegg har det vore veldig liten plass å byggje på. Tomta er berre så stor som bygget. Men vi har hatt noko plass mot aust der vi kunne ta inn byggemateriell.
Bygginga starta rundt 1. november 2021 og bygget var klart i sommar. Byggjetida var med andre ord om lag 1,5 år. Den offisielle opninga var siste helga i september.
Restaurant og teater på gateplan
NRK flytta inn i april, medan Firda og Teater Vestland flytta inn i juni. På gateplan flytta restauranten Røyst Mat & Vin inn midt i september.
Teatersalane ligg også på gateplan, med felles inngang med restauranten. NRK Nynorsk mediesenter, radiostudio og Nynorsk avissenter held til i andre etasje. I tredje etasje finn vi NRK Riksredaksjon, NRK Vestland og NRK Super, medan Firda held til i fjerde etasje. Teater Vestland har ein del rom mot vest opp over i etasjane, til ulike kontor, kostymeavdelingar og sosiale soner for tilsette.
Også når det gjelder innvendige materiale er det tatt omsyn til lyd. I restauranten på gateplan er det slipt betong på golv. Elles er det for det meste teppeflis på golva i bygget. På veggane er det gips og glas, både Fermacell og vanlig gips. I taka er det Rockfon systemhimling. Det er gjort ein del lydtiltak på veggane innvendig. Ein fin detalj er veggar med trespiler i restauranten. Her er det bygd inn utståande bokhyller. Madsen fortel at tømrarar frå Åsen & Øvrelid har utførte dette finsnikkararbeidet sjølv etter teikning frå interiørarkitekt.
I restauranten er det Troldtekt himling. I nedre del av atrium og restaurant er det ein del gråmalt trekledning frå Moelven på veggar, i same stil som trekledninga på fasaden.
Rockpanel fasadeplater
fasaden er det lyse og mørke Rockpanel fasadeplater, i kombinasjon med grå trekledning, og ein del sandwichpanel på vest- og nordsida.
– Det er første prosjektet vi brukar Rockpanel. Dette er noko lettare plater enn tradisjonelle fasadeplater. Det er store plater som uansett er krevjande å montere, men det at dei er lettare gjer det enklare. Det handlar også om HMS og slitasje på folk, påpeikar Madsen.
Bygget hentar energien frå Fjordvarme, med vassboren golvvarme på gateplan og i radiatorar opp over i etasjane. Ifølgje Madsen har dei vore 40-50 arbeidarar på det meste, alle fag inkludert. Sentrale tekniske underentreprenørar har vore Vest Rørteknikk (VRT), Bravida og GK.
Prosjektleiar Madsen i Åsen & Øvrelid har etter kvart vore involvert i mange bygg som er med på å rette opp i det noko variable ryktet Førde har hatt som by når det gjeld arkitektur. No er dei i gang med å byggje ny fasade på Alti kjøpesenter rett ved sidan av Nynorskhuset. Dette er ein bygningsmasse på mange tusen kvadratmeter lett synleg i sentrum.
– Førde er blitt mykje finare. Det er kjekt å sjå bygg du veit du har vore med på og som gjer byen finare. Slik sett har Nynorskhuset vore eit kjekt prosjekt å vere med på.